| A-LAGET KLARTE IKKJE Å SLÅ BAKKE HELLER.,........ |
BAKKE IL - OLTEDAL FK 2-1 (1-1) ...........................................
Bakke var hakket betre enn Oltedal (arkivfoto frå heimekampen)
Av Alf Inge Oltedal-Bakke IL 2-1 (0-1) Bortekompleks for Oltedal ! 0-1 Fredrik Oftedal 20 min. 1-1 Bakke 40 min. 2-1 Bakke 85 min. Gult kort: Kristian Rege Dommar : Odd Høyland Kåsen Oltedal sitt bortekompleks fortset, denne gongen med ei flau forestilling mot Bakke. Eitt poeng og 5-15 i målforskjell på 5 bortekampar fortel at laget har ei mental sperre på bortebane. Etter ein strålande heimekamp mot Tonstad, var kvalieteten og innsatsen i Bakke-kampen i motsett ende av skalaen. Laget tok leiinga i kampen med Fredrik sitt fyrste mål for sesongen, men trenar Inge Pedersen kunne frustrert sjå på at nøkkelspelarar ikkje klarte å prestera opp mot sitt vanlege nivå. Finn dei ut av kva som er årsaka til den elendege borteformen, vil me kanskje sjå laget høgare på tabellene utover hausten. Bakke sikra med denne sigeren seg eit forsprang på 4 poeng i høve til Tonstad som berre klarte uavgjort mot Helleland, og er nå favorittar til å rykka opp i 4. divisjon. Elles hadde kretsen sendt Odd Høyland som dommar til denne kampen, og han leverte ein av sine svakaste kampar nokonsinne.Både Bakke og Oltedal sine spelarar var rimeleg frustrerte av pipeblåsaren sin hårreisande avgjerder. Alle taklingar blei det dømt frispark på, og det virka som om han hadde tatt feil brillepar med seg - han såg lite av det som foregjekk på banen, og dømde etter lyden... (25.08.07) |