Kvalifikasjonskamp for fortsatt spel i 5. divisjon

 OLTEDAL FK - HINNA II?? ...0-8

...........................................

3.divisjonsspelarar blei for mykje for OFK

 

Av Alf Inge

Oltedal-Hinna II 0-8
Kvalikkamp 28. oktober 2007

Usporstlige Hinna stilte med toppa lag

Kveldens heilsvarte forstilling endte naturleg nok med braktap for Oltedal. Laget mangla fleire sentrale spelarar, men samstundes klarte ikkje Hinna å unngå å vera såpass usportslege at dei stilte med fleire 3. divisjonspelarar. Hinna II endte med 7 poeng og 85 innslupne mål i si pulje i 5. divisjon, og skulle såleis vera eit lag Oltedal skulle kunne spela jamt mot. Det blir håplaust for ein liten klubb som OFK, når Hinna II stiller årets sterkaste mannskap i ein slik kvalikkamp. Det ville vore meir "fair play " av Hinna å stilla med sitt "vanlege" lag som spelte heile sesongen i 5. divisjon, men dei valde altså den usportslege løysinga..

Kampen blei aldri spennande, og det var bare eit spørsmål om kor stor sigeren skulle bli. Oltedals siste halmstrå for å unngå nedrykk, er at desse to kvalikkampane ikkje blir tellande. Kretsen syslar med tanken på å utvida 5. divisjon med 4 lag til neste sesong, og då har Oltedal muligheit for å revansjera dette audmjukande tapet.

 

Sigeren til Hinna kunne lett vore større, her brenn dei ein stor sjanse

 

Dommar Dag Løvaas hadde god kontroll i ein lettdømt kamp

Dei 5 tilskodarane fekk sjå ei overkøyring av dei sjeldne

(28.10.07)

ka