|
A-LAGET KNUSTE TONSTAD |
OLTEDAL FK - TONSTAD IL ..5-1 (2-0)
Svært god kamp av Geir Eirik Ravndal
Av Alf Inge
Målshow då Oltedal utklassa Tonstad
Seriekamp 5. div. Avd.1
Oltedal Stadion 16. August kl. 1800
Dommar : Alf Inge Jåtten - Kåsen IL
Tilskodarar : Halvfullt
1-0 12.min Arve Espeland
2-0 15. min Kristian Rege
3-0 70. min Åsmund Idland
3-1 80. min Tonstad
4-1 83. min Per Magne Ellingsen
5-1 87. min Kristian Rege
Serieleiar Tonstad vitja Oltedal med godt håp om poeng,- all den tid dei slo Oltedal 4-1 på heimebane. Det blei tidleg klart at det ikkje skulle enda slik denne gongen, for Oltedal åpna forrykande. Med Geir Eirik som "frimerke" på Tonstad sin playmaker på midtbanen, og med aggresivt spel og høgt press, tvinga dei Tonstad skikkeleg over på defensiven. To nydelege mål før kampuret viste 15.min bar bud om gode tider. Fyrst var det Arve som sikkert skaut ballen i nota, etter at Kristian serverte på sølvfat. Forsvaret til Tonstad var utspelte, og upressa gjorde ikkje Arve feil. Berre minutt seinare rulla Oltedal oppover på høgresida, og på eit perfekt "Kvisvik-innlegg" frå Bjørn Bjelland steig Kristian til vèrs og skalla inn 2-0. --- Vakkert !!! Sjølv om Tonstad rista av seg sjokket, og mellom anna hadde eit stolpeskot, var det Oltedal som hadde initiativet i omgangen.
Espen var sikker og god i målet - Nico jobba og sleit som vanleg på midtbanen
Andre omgang byrja som den fyrste slutta, med solid overtak til Oltedal. Fikse kombinasjonar, gode løp og knallharde taklingar sørga for at Oltedal styrte kampen. Men hardkjøret tok til å merkast på nokre av spelarane, og trenarduoen sette inn Åsmund Idland. Plassert på venstre flanke viste han eit godt blikk for spelet, og slo mange gode pasningar, og da eit nydeleg innlegg frå høgre gjekk over alle, stod Åsmund på hjørnet av fem-meters boksen og hedda inn 3-0 målet. Nydeleg og kontrollert utført.
Ossi skåra 3-0 målet,og la opp til 5-1 - Glimrande innhopp !!
Tonstad klarte å redusera på eit frispark, men det var for seint, Oltedal var overlegne i det meste. Trenarduoen sette så inn den "gamle" ringreven Per Magne Ellingsen, og kort tid etter plasserte han inn Oltedal fjerde mål for dagen. Kristian fekk avslutta ein knallkamp med å lobba inn 5-1 målet rett før slutt, forøvrig eit "ferdigscora" mål, etter nydeleg forarbeid av Ossi.
Per Magne kom inn - og skåra sjølvsagt - Reino var glitrande god i dei bakre rekker
Kristian set vakkert inn 5-1 målet ( klikk på bilda for større versjon)
Kampen - ![]()
Banen - ![]()
Vèret - ![]()
Fans - ![]()
Dommaren - ![]()
Totalvurdering - ![]()
(16.08.07)