| KNOKKELKAMP MOT HELLELAND - 3-3 som i vårkampen |
OLTEDAL FK- HELLELAND IL 3-3 (2-1) ........................................... Kristian leverte ein ny god kamp, og auka målkontoen til 10 mål
Av Alf Inge Oltedal-Helleland 3-3 (2-1) Målshow, og dommeren i fokus ! 1-0 Kristian 3 min 2-0 Kimmi 6 min. 2-1 Helleland 20 min 3-1 Kristian 70 min 3-2 Helleland 76 min 3-3 Helleland 85 min Gult kort: Kristian Rege, Fredrik Oftedal, Nicolai Oftedal, Rødt kort: Arve Espeland Dommar : Lennart Jonassen, Tasta IL
Arve finter seg forbi ein Helleland spelar, han fekk diverre rødt kort sinare i kampen Ny oppreising for vårt kjære OFK i Hellelandkampen. Knallåpning av Oltedal i denne kampen, som leia 2-0 etter 6 min. To mest heilt like skåringar, der Kristian og Kimmi på kontrollert vis sette ballen i mål ved høgre stolperot. Men den gode starten blei ikkje fylgt opp, og kampen datt i kvalitet. Oltedal virka likevel å ha god kontroll, men så klarte Helleland på heldig vis å redusera etter svakt målvaktspel av Espen. Helleland hadde dødballar som eit farleg og effektivt våpen heile kampen.
Espen har ikkje kontroll, og Helleland skårar Andre omgangen var jevn, men Oltedal virka å ha "gjort ende på" Helleland, då Kristian lobba inn 3-1 scoringa etter vel 70 minutt. Oltedal hadde mange fine raid langs kantane, men innlegga traff altfor sjeldan rett adresse. Kampen hardna etterkvart til, og dommar Jonassen hadde si fulle hyre med å roa gemyttane. Arve hadde allreie gult kort då han bakfrå kakka ein Hellelandforsvarar på hælen, og Jonassen måtte heilt korrekt gi han det raude kortet. Minuttet seinare skåra Helleland, og ei trygg leiing var redusert til eitt mål og berre 10 mann. Med berre nokre få minutt igjen, førde ein ny dødball til at Espen mista ballen, og Svein Kjetil brukte handa for å hindra mål. Det påfølgjande straffesparket blei sett stolpe-inn, og dermed enda kampen 3-3. Både spelarar og supportarar syntes Oltedal fortente 3 pong i denne kampen, men personlege feil gjorde at dette ikkje blei tilfelle. Spelet var oppløftande, og spelarane trykte til på ein heilt annan måte enn mot Bakke sist. Det får væra ein inspirasjon til å ta 3 poeng borte mot Orre torsdag den 13!! klokka 1800. Kristian skårar, og får samstundes foten til Hellelands måvakt i hovudet
Kimmi starta friskt, og skåra etter 6 min., men kreftene tok slutt etterkvart
Nico spelte ein kjempekamp på midtbana, og Fredrik var som vanleg som ein virvelvind på topp.. Konsentrasjon i ballmottaket frå Kristian (01.09.07) |