Figgjo IL -Oltedal FK 0-1
 

 

 

Figgjo fekk bank av Oltedal i kveld


 

Av Alf Inge

Lokalderby med fortent vinnar

Man of the match - Nico

Seriekamp 5.div Menn avd 03

Figgjo Stadion 11.september

Figgjo IL - Oltedal FK 0-1 (0-1)

0-1 13 min. Nikolai Oftedal


Dommer: Halvor Briskemyr – Austrått IL


Gult kort : Hallvard Oftedal

Oltedals lag: Espen, Ragnvald, Thomas ,Reino ,Frank, Nicolai , Kåre,Ronny, Åsmund, Kristian, Fredrik –

Brukte innbyttarar: Arve, Egil , Morten,Kent og Hallvard



Oltedals venstreback, uslitelege Ragnvald Oftedal


Trass i at lokalpressa prøvde å haussa opp kampen, kom berre ei handfull tilskodarar til kampen i kveld. Dei som ikkje

var der gjekk glipp av ein fartsfylt kamp. Oltedal tok tak i kampen heilt frå start, og Figgjo var skuffande svake. Kampen

einaste mål kom allereie etter 13 min, då Oltedal kontra etter ein Figgjocorner. Lynvingen Fredrik Oftedal sprang rundt

eit par svimle Figgjo forsvarar, før han forserte over halve banen med pesande motstandarar etter seg. Eit perfekt innlegg

traff Nikolai Oftedal, som kontrollert sette ballen forbi Vidar "Poker Star" Assersen. Uheldegvis for Oltedal blei Fredrik

skada i sluttminuttet, og Oltedal mista eit av sine farlegaste angrepsvåpen. Oltedal leda fullt fortent 0-1 til pause, ei leiing

som var eit par mål for liten etter spel og sjansar.

Assersen må fortvila sjå at ballen fyk i mål etter Nico`s kliniske avslutning.

Oltedal kom ikkje skikkeleg i gang etter pausen, og dei første 10 minutta av andre omgang fekk Figgjo eit visst grep om kampen.

Oltedal fekk etterkvart start på lagmaskinen, og overtok igjen initiativet i kampen. Oltedal viste presist pasningspel, der Figgjo

praktiserte dryl-og-spenn. Per Arne ser verkeleg ut til å ha fått sving på laget, og Oltedal viser solid haustform. Kun to kampar

står att denne sesongen, og det er mot tabellnabo Siddis og bånnlaget Høle. Det burde ikkje vera umogleg å ta full pott i dei to

kampane, og då kan brått Oltedal blanda seg inn i tetsjiktet.

Mange gode på Oltedal i dag, og Kristian var tilbake i godt gammalt slag.

(18.09.08)