| Oltedal FK - Siddis SK2-2 |
|
Heller ikkje Åsmund var opp mot sitt beste i dag
Av Alf Inge Slapt og kjedelig Geggi kunne gitt Oltedal seieren Seriekamp 5.div Menn avd 03Oltedal Stadion 1.oktoberOltedal Fk – Siddis SK 2-2 (1-1) 0-1 15 . min. Siddis 1-1 21 . min. Arve Espeland 2-1 46 . min. Arve Espeland 2-2 53 . min. Sjølmål (Halvard Oftedal)
Gult kort : Kristian Rege, Halvard Oftedal, Kåre Idland alle OFK Rødt kort: Isaias Hakin - Siddis
Kåre Idland, Geir Eirik Ravndal, Ronny Handeland, Åsmund Idland, Kristian Rege, Arve Espeland – Brukte innbyttarar: Halvard Oftedal, Kim Morten Espedal, Kent Smørdal, Egil Ravndal
Oltedal missa straffespark i sluttsekundet !
Rosatrøyene frå Siddis var motstandar i onsdagen kamp på Oltedal Stadion. Gjestene hadde absolutt mest å spela for, fordi dei kjempar for å unngå nedrykk. Oltedal er sikkert plassert midt på tabellen, og har berre æra igjen å kjempa for. Den kan ikkje vera mykje verdt forOltedal, for det som blei vist frå heimelaget var slappe saker. Siddis fekk fyrste målet etter indirekte frispark innanfor 5-meteren. Dommaren meinte feilaktig at keeper tok ballen etter tilbakespel frå eigen spelar, og Oltedal fylgde opp med å gjera ein like grov feil når frisparket skulle tas. Ved ikkje å stilla alle sine spelarar i mur, vart det derfor lett for Siddis å finna eit hol i den utette muren, og dei skåra altfor lett. Berre fem minutt seinare var Arve Espeland var fint frampå etter at Kristian gjekk i duell med Siddiskeeperen, og sette lett returen i mål. Berre minuttet ut i andre omgang var same Espeland frampå igjen, og skåra sitt andre mål for kvelden. Oltedal virka nå å ha full kontroll på kampen, sjølv om feilpasningar og slapt duellspel prega kampbildet. På ein sine sjeldne visittar ved Oltedalmålet, ekspederte Halvard Oftedal uheldegvis ballen i eige mål.
I sluttsekunda av kampen fekk Oltedal eit veldig heldig straffespark, og ein Siddisspelar som var svært ueining i straffesparket kjefta på seg rødt kort etter grov kjeft mot dommaren. Straffesparket blei imidlertid redda meisterleg av Siddismålmannen, og det blei det sistesom skjedde i denne kampen.
Kampen var såpass dårleg at ingen av laga burde fått poeng, og eitt poeng til kvar var derfor meir enn nok. Poenget gjorde at Oltedalgjekk forbi Lura på tabellen, og laget er nå nr.5. (01.10.08) |