Høle IL - Oltedal FK 1-3
 

 

Kristian sklir inn Oltedals første mål


 

Av Alf Inge

Høle blei som venta "eden mad"

Som alltid tøffe tak mot Høle, her har Åsmund fått ryggsekk

Seriekamp 5.div Menn avd 03

Høle Grasbane 12.oktober

Høle IL-Oltedal Fk 1-3 (0-1)

0-1 44.min Kristian Rege

1-1 47.min Høle

1-2 84.min Arve Espeland

1-3 90.min Arve Espeland


Gult kort: Kristian Rege,Arve Espeland Oltedal Eitt til Høle

Dommer: Alf Magne Osnes – SIF . Svak kamp.


Oltedals lag: Einar Thorsen , Morten Kirkeby,Ragnvald Oftedal, Reino Bersås, Thomas Olsen, Kåre Idland,Geir Eirik Ravndal,

Nikolai Oftedal, Åsmund Idland, Arve Espeland, Kristian Rege – Brukte innbyttarar: Kent Smørdal, Egil Ravndal, Ronny

Handeland, Kim Morten Espedal



Oltedal vant lett mot Høle


Sesongens siste kamp mot botnlaget Høle, blei som venta ein enkel borteseier for Oltedal.

Sjølv om spelet kladda skikkelig i denne kampen, og målsjansane igjen blei sløsa vekk, greidde Oltedal til slutt å vinna

komfortabelt.

Førsteomgangen dominerte Oltedal totalt, men feilpasningar i dei avgjerande trekka øydela mange av angrepa. På eit

frispark i siste minutt av første omgang, breidsida Kristian nydeleg inn første målet til Oltedal, og ein letta Oltedaltrenar

Per Arne Oftedal kunne gje spelarane litt skryt i pausen. Oltedal tålte pausen dårlegast, for Høle overtok kampen i starten

av andre omgang, og pressa Oltedal over på defensiven. To minutt ut i andre omgang fekk Hølespelarane altfor lett

spelerom inne i sekstenmeteren, og ein Hølespelar lobba flott over Oltedals målmann Einar Thorsen. Høle ville ikkje tapa

denne kampen mot erkerival Oltedal, og viste langt større innsats enn Oltedal. Likevel var kvaliteten på Høle sitt spel

fleire hakk for dårleg til at dei fekk skikkelege målsjansar. Oltedal rota fælt med formasjonane utover i kampen, og hadde

berre sporadiske visittar ved Hølemålet, men tok igjen over initiativet i kampen. Oltedals toppskårar Arve Espeland hadde

til nå hatt ein vanskeleg kveld på Høle Grasbane, der lite hadde gått hans veg. I det 84. minutt fyrte Geir Eirik Ravndal av

eit frispark som Hølemålmannen ga retur på, og etter mykje klabb og babb inne i feltet klarte Arve Espeland å pirka

Oltedal i leiing på typisk toppskårarvis.

 

Høle heiv nå fram alt i angrep, for å prøva å få eit uavgjort resultat. I staden kontra Oltedal, og Arve Espeland sette inn sitt

andre mål for kvelden med ein nydeleg lobb i kampens siste minutt.

Arve spring frå forsvaret til Høle, og lobbar enkelt over målmannen

Dommar Osnes var veldig dårleg, og annulerte utruleg nok eit mål til Oltedal for hands på ein Hølespelar ! Ei forklaring som

kun dommaren forstod. Trøsten får vera at han dømde like dårleg for begge lag, og Hølespelarane klagde like mykje på

dommaren som bortelaget.

Sesongen er dermed over for Oltedal, og laget endte på 5. plass på same målforskjell som Lura, men med færre skåra mål.

Oltedal klarte dermed målsettinga om å etablera laget i 5. divisjon, og bør vel legga lista litt høgare til neste sesong ?


 

 

 

Sluttabellen 2008

(12.10.08)