Lura IL - Oltedal FK 1-4
 

 

Arve lagde årets mål så langt, her i kamp med 3 øvegidde Luraspelarar


Av Alf Inge

Oltedal e på gang !!!

Spelte ut Lura i periodar, slapp innpå juniorspelarar på slutten .

Seriekamp Menn 5. Divisjon Pulje 03

Seriekamp Lura Stadion 26. mai 2008 kl.1900

1-4 (1-0)

0-1 Kristian 37 min

0-2 Fredrik 53 min

0-3 Kristian 58 min

0-4 Arve 65 min

1-4 Lura 80 min

Oltedals beste : Geggi

Kristian lobbar inn 1-0

 

I glimrande spelevèr, og med ein del heimesupportarar på plass, låg alt til rette for ein god kamp på Lura stadion.

Lura åpna kampen best, og hadde to stolpeskot . Men på eit lurt hjørnspark frå Åsmund, lobba Kristian ballen over ein forfjamsa Lura-keeper.

0-1 til pause, og mykje godt spel inspirerte våre mørkeblå til å heva seg endå eit hakk i andre.

Fredrik er jo kjapp som få, og i det 53 minutt .utnytta han ditt fortrinn då han snappa eit tilbakespel til keeper. På elegant vis runda han keeper, og sette kontrollert inn Oltedals andre skåring for dagen. Kun fem minutt seinare var Kristian påpasseleg frampå på ein retur, og sette inn sitt andre, og Oltedals tredje mål for kvelden.

.Kristian frampå, og skårar 0-3

Årets mål til no kom i det 68 minutt, og det var Arvesom serverte ein delikatesse av yppertse kvalitet ! Han vendte vekk forsvararen med ein hælklakk til seg sjølv, og følgde opp med å banka ballen via tverrliggaren og inn. Lura blei til tider utspelt, og Per Arne forstod at sigeren var sikra. Han sette difor inn ein del av juniorspelararane mot slutten, og manglande rutine gjorde nok at Lura difor fekk sitt trøstemål . Einaste skår i gleda, var at Morten fekk ein skikkeleg smell i ankelen, kor aqlvorleg det er veit me ikkje før i morgen.

Morten blei skada, og måtte hjelpast av banen

(26.05.08)