| Oltedal FK - Finnøy IL 2-1 |
|
Åsmund prøver seg på frispark, men dessverre utanfor Av Alf Inge Ahhh, 3 poeng ! Vann jamn kamp, og viste stor framgang. Seriekamp Menn 5. Divisjon Pulje 03 Seriekamp Oltedal Stadion 22. mai 2008 kl.1900 2-1 (0-0) 50 min. Finnøy 58 min. Geir Eirik Ravndal (straffe) 75 min. Åsmund Idland Oltedals beste : Nikolai Oftedal Dommar Audun Frøyland, Frøyland IL Kåre viser stor vilje og innsats, og har heva seg mange hakk denne sesongen Arve var òg tilbake etter skade ikveld Kveldens kamp mot Finnøy hadde ikkje den beste inngangen, då vår faste målmann Espen skada seg på trening og er ute i fleire veker. Unge Einar Thorsen gjorde alle bange aningar til skamme, og stod ein prikkfri kamp. Imponerande ! Oltedal åpna kampen best, og dei fyrste ti minuttane hadde laget fleire store sjansar. Ein veldig god målmann i Finnøyburet heldt nullen, og varta opp med fleire utrulege redningar. Per Arne kunne stilla med sitt beste mannskap så langt i sesongen, og spesielt på midtbanen fungerte det veldig bra i kveld. Kaptein Geir Eirik "Geggi" Ravndal oppildna lagkameratane til innsats, og Oltedal vann duellane og spelarane gløda av innsats. Gledeleg comeback av Kristian i kveld, sjølv om han var litt rusten viste han at det ikkje drøyer lenge før han er i godt gammalt slag. Per Arne rydda også plass til ein debutant i kveld, og Ronny Handeland får absolutt godkjent for kampen på spissplass. Trass i 0-0 til pause, leverte Oltedal sin beste omgang til nå denne sesongen. . Ronny Handeland, ny spelar i Oltedal FK.........Gledeleg comeback av Kristian i kveld Nico med stor sjanse Utruleg redning av Finnøy sin målmann Andre omgang starta på verste måte for Oltedal, då Finnøy tok leiinga etter nølande forsvarsspel. Den begredelege nullen i målprotokollen gav ikkje mykje håp om siger på dette tidspunktet i kampen. Men berre 8. minutt seinare blei Arve felt då han snappa ballen føre målmannen,og dommar Frøyland peika korrekt på straffemerket. Kaptein Geggi skaut knallhardt og kontrollert til side for målmannen, og utlikna til 1-1 .Hurra, årets fyrste mål !
Geggi sitt knallharde straffespark fauk som ein rakett i nota til 1-1 Nå hadde Oltedal fått teften av 3 poeng, og angrepa kom tettare og tettare. På ein situasjon som virka avklara, følgde Kimmi opp på målmannen som hadde ballen i fast grep. Men då han landa etter redninga glapp han ballen ut av hendene, Kimmi snappa ballen og sendte den til Åsmund som stod åleine ein halv meter frå mållinja, og enkelt breidsida inn 2-1 målet .
Åsmund skårar sitt enklaste mål i OFK-trøya, og den ulukkeleg Finnøymålmannen ser at tabben blei avgjerande Oltedal prøvde etter dette å sikra sigeren, men Finnøy kom høgare i banen og pressa på for utlikning. Det mangla ikkje på sjansar, og fleire nervøse heimepublikummarar "såg" ballen i mål fleire gonger. Men trøytte og udyktige Finnøyspissar traff enten ikkje målet, eller skaut rett på målmann Einar som ikkje gav ein einaste retur. Dermed ein utruleg vikteg siger, og med desse tre poenga gjekk Oltedal forbi Høle som no ligg sist på tabellen med berre 1 poeng etter 4 kampar. Kampen store spelar var etter min smak Nicolai, som ruva på midtbanen, og ikkje tapte ein einaste luftduell . Nico vinn i lufta - igjen .... (23.05.08) |