| Oltedal FK - Lura IL 3-2 |
|
Kåre sendte Oltedal opp i 2-1 leiing med ein nydeleg skåring
Av Alf Inge Vannvittig sløsing med sjansar Seriekamp 5.div Menn avd 03Oltedal Stadion 11.septemberOltedal FK - Lura IL 3-2 (2-1)
0-1 25.min Lura 1-1 40.min Sjølvmål 2-1 43.min Kåre Idland 3-1 50 min Geir Eirik Ravndal 3-2 57.min Lura
Gult kort : Kristian Rege, Espen Vold + 2 til Lura Oltedals lag: Espen Vold, Ragnvald Oftedal, Thomas Olsen,Reino Bersås,Nicolai Oftedal, Kåre Idland,Geir Eirik Ravndal, Ronny Handeland, Åsmund Idland, Kristian Rege, Fredrik Oftedal – Brukte innbyttarar: Egil Ravndal, Morten Kirkeby og Kent Smørdal
Oltedal med godt tak på Lura, vann også heime
Oltedal åpna kampen mot Lura friskt og godt, og spelte fin fotball. Det var derfor mot spelets gong at Lura klarte å skåra på sin einaste sjanse i omgangen. Oltedal blei ikkje prega av dette, og fortsette med finspelet utan at dei klarte å omsetta dette i mål. Spissane Kristian Rege og Fredrik Oftedal sløste veldig med dei sjansane dei fekk, og heimelaget måtte ha hjelp av ein Luraforsvararar som utlikna med eit sjølvmål. Berre to minutt etter kom kveldens flottaste angrep, då Oltedal rulla opp på venstresida. Kristian Rege sitt innlegg blei breidsida i nota av Kåre Idland på fyrste stolpe , til 2-1 leiing ved pause. Fredrik sleit med å få ballen i mål, heller ikkje her blei det mål Oltedal forsette sitt offensive og flotte spel, og spissane fortsette å sløsa med sjansane. Geir Eirik Ravndal tok ansvar, og sette inn 3-1 målet etter rot i Luraforsvaret. Oltedal slakka på gassen etter dette, og Lura kom meir med i kampen. Med omlag ein halvtime igjen reduserte Lura, og skapte ny spenning i kampen. Lura kom til fleire store sjansar utover i omgangen, og hadde mellom anna ein ball langs målstreken, via stolpen og i klypene på målmann Espen. Dommar Håland la til 5 minutt, men Oltedal klarte å halda Lura frå fleire målsjansar og vann kampen fortent. (15.09.08) |