Oltedal FK - Sviland IL 0-2
 

 

Bra kamp av Åsmund i kveld, her i kamp med to Svilandspelarar


Av Alf Inge

A-laget slit, skapar ikkje målsjansar !

Tapte fortent 0-2 for Sviland i kveld.

Seriekamp Menn 5. Divisjon Pulje 03

Seriekamp Oltedal Stadion 8. mai 2008 kl.1900

0-2 (0-2)

Dommar Bjørn Ravnås Finnøy IL

Oltedal sitt A-lag har etter to kampar framleis ikkje skåra mål, og mot Sviland var dei ikkje nære eingong. Savnet av Kristian og Arve på topp var veldig synleg i dag, og angrepsspelet manglar tyngde og fasong. Når laget ikkje produserte ein einaste kvalifisert sjanse i heile kampen, er det i grunnen lite å skriva om i denne kampen. Vi likte Kåre Idland best på eit tafatt heimelag, og Per Arne får ein stri tørn med å få skapa eit vinnarlag med det første.

 

(08.05.08)