Sviland IL - Oltedal FK 1-1
 

 

Åsmund med full fokus på ball


 

Av Alf Inge

Eit poeng i ein elendig kamp

 

Oltedal sin formkurve peikar nedover

Reino i ein merkeleg positur

Seriekamp Menn 5. Divisjon Pulje 03

Seriekamp Sviland Stadion 22. august 2008 kl.1900

Sviland IL - Oltedal FK 2-1 (1-0)

Dommer :

Dommer: Morgan Hobberstad – Lye IL –

1-0 - 34 min. Sviland

2-0 - 75 min. Kåre Idland

 

 

Farleg sjanse for Oltedal, Åsmund i duell med keeper

På den fantastisk flotte grasmatta på Sviland Stadion, som innbydde til festfotball, spelte Sviland og Oltedal ein svak kamp fredag kveld. Uavgjort var i grunnen eit greit resultat, avdi begge lag leverte dårlege prestasjonar. Pasningane gjekk i hytt og pine, og når ein ikkje klarer å treffa ein medspalar på innkast, fortel det alt om kor svakt dette var.

Kampen var jevn med få klare målssjansar, men Oltedal sleit med å forsvara seg på hjørnespark og høge ballar inn i feltet. Det var på hjørnespark at Sviland tok leiinga, og målskåraren fekk skalla ballen i mål ganske uhindra. Oltedal sitt utlikningsmål var av den heldige sorten, og Sviland sin målmann feilbedømde ein lang poleball fra Kåre Idland som datt inn ved bakre stolpe.

Fleire av Oltedal sine «beste» var utruleg svake i denne kampen, og kampen var temposvak, og som nemt prega av ei rekke med personlege feil. Likevel bør Morten Kirkeby få skryt for ein god førsteomgang på venstrebacken, og Kåre Idland for ei flott skåring og elles solid kjemping.

Oltedal har nå spelefri fram til 4. september, og den bør dei bruka på grunnleggande trening.

Thomas Olsen var attende i midtforsvaret

 

Nico vann ein del i lufta, men spelte ein dårleg kamp

(24.08.08)