Oltedal FK - Kåsen IL
 

 

Flotte forhold for fotball i kveld


Av Alf Inge

Maktdemonstrasjon av damene på heimebane !

Vann 4-2 over Kåsen i underhaldane kamp.

Kvinner 7 er avd 02

Seriekamp Oltedal Stadion 5. mai 2008 kl.1900

4-2 (1-1)

1-0 Jeanette

1-1 Kåsen

2-1 Tale

3-1 Linn

3-2 Kåsen

4-2 Marie

 

Oltedal viste frå fyrste minutt at dei ville mest i denne kampen, og då Jeanett sette inn 1-0 etter vel 10 minutt følgde det kampens gang. Sjølv om Kåsen hadde sporadiske angrep, rydda Oltedal sine forsvarar greit unna. Likevel greidde Kåsen på snodig vis å utlikna, slik at det stod 1-1 til pause. I andre omgangen viste Oltedal sin klasse, og Tale og Linn sendte Oltedal opp i ei 3-1 leiing. Kåsen klarte å redusera til 3-2, men sigeren var aldri truga, og den blei sikra då Marie sette inn 4-2 målet. Det ser bra ut for Oltedal, og dei to yngste på banen scora begge kvart sitt mål. Me gleder oss til neste kamp

(05.05.08)