| Benkeforslag sette kunstgraset i Oltedal inn i idrettsplanen 2008-2011 | |
|
Kunstgras i Oltedal innan 2011 ??
Så flott kan det bli, her frå Aspmyra Stadion i Bodø
Kommunestyret behandla på eit møte i kveld idrettsplanen i kommunen 2008-2011. Kunstgras i Oltedal var ikkje med i planen, men eit benkeforslag frå Høyre blei vedteke, og dermed bevilga kommunen 2,1 millionar kroner til banen innan 2011. Oltedøl, tidlegare formann, aktiv i OFK( 266 kampar)og lokalpolitikar Frank Oftedal frå Høgre, sette fram eit benkeforslag om å inkludera kunstgras på grusbana i Oltedal i idrettsplanen 2008-2011. Forslaget blei vedteke, og dermed kan styret i OFK og alle Oltedølar byrja arbeidet med å planlegga kunstgrasbana.Fyrste punkt i arbeidet blir å greie ut grunnforholda under grusbana. Formann Bernt Ove Grude i OFK er svært glad for avgjerda, som han meiner kjem til å styrka fotballklubben sin posisjon i bygda, og sikra rekrutteringa i framtida. Dette er eit svært positivt signal frå kommunen om at dei satsar på barn og unge i heile kommunen. Det blir på ny eit stort lyft for klubben, både med dugnadsinnsats og ikkje minst økonomisk. Han reknar med at dette blir eit prosjekt som alle i Oltedal må bidra i, men er ikkje redd for at dalens befolkning også denne gongen stiller opp. Dette er til beste for alle barn og unge i Oltedal, og gir ein ny giv til alle som driv med frivillig arbeid. At grusbana i dag er til stor sjenanse for naboane til OFK spelte nok ei ikkjeheilt uvesentleg rolle, og også press frå naboane har vore med på å overtyda politikarane om å få kunsgras i Oltedal raskare enn opprinneleg tenkt. Me kjem med meir seinare.... (17.12.07)
|
|