Oltedal FK - Hinna 2 2-1
 

 

Oltedal farleg frampå


Av Alf Inge

Sesongens fyrste siger til G-15 !

Oltedal fekk nytt draktsett av Statoil før kampen, og det gav energi til årets fyrste triumf..

Seriekamp Gutter-15 2. Divisjon Avdeling 01

Oltedal Stadion 21. august 2008 kl.1900

2-1 (0-0)

0-1 Hinna 2

1-1 Morten Monsen

2-1 Bjørn Reidar Schaal

 

Oltedal G-15 fekk ei hyggeleg overrasking føre kampen mot Hinna2, då dei fekk splitter nytt draktsett av

Statoil. Det verka som om det inspirerte laget ekstra, for dei viste gode takter heilt frå starten av kampen.

Sjølv om Hinna2 hadde dei farlegaste sjansane, var ikkje Oltedal ufarlege dei heller, men til pause stod det 0-0.


Fritz var god på midtbanen


Uheldegvis tok Hinna 2 leiinga i andre omgang, og det virka som om det skulle gå mot nok eit tap for våre tapre krigarar.

Men mål av Morten sørga for utlikning og ny spenning i kampen, og gleda var stor då Bjørn Reidar sende Oltedal opp i leiing .

Laget kjempa godt for å halda påå leiinga, og det klarte dei ! Fantastisk innsats av heile laget, og ein god start på haustsesongen

for G-15 laget.

Morten sørga for utlikning - Marie var glad for resultatet

Gutter 15 2008 (klikk på bildet for større verson)

 

 

 

(21.08.08)