Randaberg - Oltedal FK 3-2
 

 

Oltedal spelte sin beste kamp for sesongen mot Randaberg 2


Av Alf Inge

5 mål, to straffer og rødt kort !

Oltedal kjempa tappert mot Randaberg, men måtte gå av bana med 3-2 tap.

Seriekamp Gutter-15 2. Divisjon Avdeling 04

Myrå 1 Randaberg 12. mai 2008 kl.1900

3-2 (1-1)

0-1 Mads Skogerbø

1-1 Randaberg

2-1 Randaberg

3-1 Randaberg

3-2 Sjølmål

Oltedal sitt 15-års lag reiste mandag kveld til Randaberg, og spelte mot Randaberg2. Oltedal opna kampen friskt, og Mads Skogerbø sette sikkert inn 0-1 skåringa då han følgde ei laust tilbakespel til keeper. Randaberg svara fort, og sette 1-1 rett etter dette. Roger Selvikvåg hadde ein stor kamp i mål, men var nok litt uheldeg då han felde ein Randabergspelar, slik at dommaren dømde staffespark. Men Roger valde rett hjørne, og redda straffen meisterleg !! Oltedal kjempa Randaberg ut av stilen, og 1-1 var eit rettferdig resultat til pause. I andre omagang overtok Randaberg merir av banespelet, og stadig til farleg sjansar. Og 2-1 målet var ein flott solopratsajon frå ein av deira spelarar, då han etter eit dribleraid avslutta med å setta ballen i vinkelen.Våre helatr ga ikkje opp, og yppa seg fleire gonger ved Randaberg sitt mål, men avslutningane var ikkje farlege nok. Så fekk Randaberg eit billeg straffespark som ikkje Roger kunne gjera noko med, og dermed 3-1 til heimelaget. Nokre minutt seinare felde Kristian ein angripar på veg igjennom som siste forsvarar,og dermed rødt kort !!! Dei fleste rekna no med at Oltedal skulle kollapsa, og at Randaberg skulle få lett spel til å auka leiinga. Det sjedde ikkje, fordi Oletadl sine krigarar kjempa no endå meir og pressa Randaberg over på defensiven. Eit langvarig Oltedal-press førde til slutt til at ein Randabergspelar baina ballen i eige mål, hardt pressa av Håkon. Heimelaget masa no fælt på dommaren om kor lenge det var igjen, men dessverre var det ikkje nok til at Oltedal klarte å utlikna, noko dei hadde fortent. Me tar dei på heimebane !!!!

God bortekamp av Gutter 15 mot Randaberg i kveld

 

 

 

(12.05.08)